norsk english
All foto og design: Narve Brattenborg 

Om kronbladet.no

Kronbladet.no vart registrert og etablert 15.februar 2005 av Brattenborg Natur og Data.
All fotografering og webutvikling er utført av Narve Brattenborg.

Nettstaden konsentrerer seg fyrst og fremst om fotografisk framstilling av ville og forvilla plantar i Noreg. Med få unntak er individa på bileta bestemt til art. Feilbestemming kan førekoma, så tilbakemelding på dette mottas med takk. kontakt
Systematikken er rettleiande, men er per mai 2007 relativt godt oppdatert. Frå våren 2007 dekkjer databasen dei fleste norske artar, med nynorsk, bokmåls og latinsk navn, så ved søk på kronbladet.no vil ein då for artar som manglar i biletdatabasen i det minste få opp systematisk navn. Alle artar med bilete står òg oppført med engelske navn, så sant det fins.

Sideshow vart etablert 23.april 2006, og er meint å fanga opp alle andre bilete. Naturen vil stå sentralt, men berre tida og vegen vil avgjere kva som finn vegen inn på desse sidene.
Artsbestemming av fuglar er verifisert av Frode Falkenberg (cyberbirding.no).

Dersom du av ein eller annan grunn ynskjer å sponse kronbladet.no, er du velkommen til det (kontakt). Dersom det er ynskjeleg med synleg reklame, så kan det la seg gjere, så lenge reklamebodskapet ikkje er påtrengjande flashy. Sidene på kronbladet er såpass ryddige at reklamen likevel er synleg, utan å irritera.

For bestilling eller forespørsel om kjøp av bilete for publisering, kontakt
Fotomaterialet er omfattande, så om du ikkje finn det du er ute etter på kronbladet.no, så er det likevel mogleg det fins i arkivet.

For bestilling av fotooppdrag, kontakt

Brattenborg Natur og Data er eit enkeltmannsforetak. I tillegg til fotografering er næringane marine miljøundersøkingar, utvikling av vevsider og levering av webløysingar.

Du må gjerne lenka til sider på kronbladet.no.

Har du kommentarar til kronbladet.no, så ta gjerne kontakt

 

Narve Brattenborg
Brattenborg Natur og Data

Siste bilete - Sideshow

Siste bilete - Plantar